Det er fantastisk å ta ut på tur i bil og båt. Me legg på ein måte kvardagen med stress og mas bak oss. Fritidsmodus er på og då er det fint å komma til Kulleseidkanalen Gjestehamn.
Her kan barn, unge og vaksne finna nokon å vera saman med, leika eller slappa av. Me ynskjer å gi deg og dine ei god stund, anten det er ein dag eller ei heil veke.

Me tilbyr sanitæranlegg med WC/dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Det er også tømmestasjon for kassett-toalett, fylling av ferskvatn, bosstømming m.m.

I vår restaurant får du servert god tradisjons­mat og lette måltid. Maten kan du nyte anten på kaien og eller i vårt nyrenoverte grindabygg.

Me har trådlaust internett for våre gjestar.

Ny dag!

Ferske rundstykker

og avis til frukost? Me kjem gjerne rundt til våre gjestar om føremiddagen!

Prisane våre

Bubil: 250,-
Båt under 40 fot: 250,-
Båt 40 – 50 fot: 300,-
Båt 50 fot eller større: 350,-

Havneleiger og bubilavgift inkluderer bruk av trådlaust nett, vaskemaskin og tørketrommel