Velkommen

Gjestehamna er open

Måndag og tysdag: 11:00 – 16:00Kafé (ikkje à la carte)
Onsdag og torsdag:13:00 – 18:00Restaurant med à la carte
Fredag og laurdag:13:00 – 22:00 (kjøkkenet stenger 20:00)Restaurant med à la carte
Søndag:13:00 – 17:00Restaurant med dagens rett

 

Årsaka til reduserte opningstider denne sesongen er utfordringa som heile bransjen slit med: Å skaffa tilstrekkeleg bemanning til kjøkkenet.

Vårt ønskje er å gje alle våre besøkande gjester god mat ei fin oppleving hos oss i hamna.

Me strekk oss så langt me kan, men det blir dessverre kortare opningstider samanlikna med tidlegare år.

Velkommen til Kulleseidkanalen Gjestehamn!

Vakn opp i ei lun hamn omgitt av vakker natur, berre få minutt frå storhavet. Sett kursen mot 59°44’32.1″N og 5°14’06.9″E og du kan legga til kai på ein av våre 40 båtplassar. Eller komma med bubil og kopla deg til, kopla av og nyta dagen. Me er her for deg og dine, slapp av og fyll på med gode opplevingar.
Rundt oss ligg ein fantastisk skjergard og ei mengd fine turmål som du kan nå med båt, bil, kajakk, til fots, på sykkel eller med snorkel og froskemannsdrakt!
– Flotte høve til bading, vassport, dykking, fiske eller berre ligga og nyta dagen med måseskrik og sjøskvalp på alle kantar.

Feiring

MED GOD MAT

er suksessen sikra, uansett anledning!

Les meir om kva me kan tilby deg!

BÅT

Sol, sommar og bølgeskvulp. Båtferie er fantastisk! – Og skulle det blåsa opp og regna litt, då er ei trygg, lun hamn og god inneplass godt å ha.

BUBIL

So godt å bu i sitt eige når ein er på tur rundtom. Ved idylliske Kulleseidkanalen er det sjøutsikt og tilgong til det som trengs, ikkje minst eit godt måltid i restauranten!

Uforgløy­meleg

Kjekke opplevingar

i lag med gode vener.

Finn litt meir ut om oss og kva me har å tilby, skal ikkje sjå vekk at me har noko spennande for deg og dine!

Nyt dagen!

RUNDSTYKKER OG KAFFI

gir ein god start i båt og bubil.
Finn ut meir!